Emma Bjelland Ingebrigtsen.
Foto: Rina AspmoFOTO: Rina Aspmo
På tampen
Du fortener å ha det bra!
Sjølvkjensle og sjølvtillit er spennande tema eg har blitt betre og betre kjent med dei siste månadane. Sjølv som ungdom kunne eg ha god sjølvtillit på fleire område. Eg hadde for eksempel god sjølvtillit på handballbanen og eg følte at det var noko eg meistra godt. Men, med ein gong eg bomma på ein straffe, eller eg ikkje klarte å prestera på topp, følte eg meg udugeleg. Eg la verdien min i prestasjonane mine, og det skyltest at eg hadde lav sjølvkjensle. Lav sjølvkjensle er i mange tilfelle botna i frykt. Blant anna i frykt for å feile, frykt for å ikkje bli likt av dei rundt deg, og frykt for kva andre måtte tenkje og meine om deg.
Mange i dag er veldig oppteken av kva vi får til og ikkje, og korleis vi ser ut, og mange av oss leggjar vår eigen verdi i nettopp det – i prestasjonar og utsjånad. Det kan for eksempel vere eigen prestasjon på jobben, i kva karakterar ein får, om ein trenar og et riktig», eller om ein ser ut på ein bestemt måte. Det kan ofte kjennes ut som eit nederlag om ein føler ein ikkje meistrar desse tinga.
Forskjellen på sjølvtillit og sjølvkjensle er difor at sjølvtillit handlar om å gjere, mens sjølvkjensle derimot handlar om det å vere. Om ein har god sjølvkjensle føler ein seg verdifull og god nok som ein er, uavhengig av kva ein gjer og presterer. Det er difor så viktig å trene opp sjølvkjensla slik at vi kan føle oss gode nok uavhengig av kva vi får til i livet og ikkje.