Aktor Rune Gjertsen vann fram i retten. Den bedrageri-tiltalte mannen i 40-åra blei dømd til 5,5 års fengsel etter to rundar i tingretten.
Akrivfoto: Grethe Hopland Ravn
Dømt til fem års fengsel
Mannen i 40-åra som var tiltalt for grovt bedrageri, er i Jæren tingrett dømt til fem års fengsel. Han er også dømt til å betala over 11 millionar kroner i erstatning til dei fornærma i saka, mellom anna til Skånevikstrand Maskinstasjon AS.
Mannen som opphavleg kjem frå Grannar-distriktet, er i Jæren tingrett dømt til fem års fengsel for grovt bedrageri og dokumentfalsk, å tråd med påstand. I straffeutmålinga blir det opplyst at tiltalte skal dømmast for seks tilfelle av grovt bedrageri og for fem tilfelle av dokumentfalsk.
Retten meiner at det i denne saka føreligg fleire straffeskjerpande handlingar, mellom anna at bedrageria er gjort mot privatpersonar. Dette har medført store personlege og økonomiske belastningar. I tillegg har bedrageria gått over lengre tid, og sjølv om dei fornærma har gitt uttrykk for at dette har ført dei inn i ein vanskeleg økonomisk situasjon, har bedrageria frå tiltalte si side halde fram.
Skjerpande