Diesel forsvinn
Vindafjord lensmannskontor har den siste tida fått inn ei rekkje meldingar om tjuveri av diesel og utstyr frå anleggsområde mellom Solheim i Skjold og Stordalen i Etne.
Tjuvane har sett seg ut anleggsdrifta, både vegbygging og masseuttak, som for tida pågår like ved E134, og oppsøker desse stadene nattestider og i helger. Politiet får jamlege meldingar frå dei som driv anlegga om at store mengder diesel forsvinn. I tillegg er det gjort fleire innbrot med tjuveri frå anleggmaskinar som er parkerte på desse områda.
Annonse
— Det er fint om folk fylgjer med, og gjerne noterer registreringsnummer og melder frå til politiet om dei ser noko mistenkeleg, seier lensmann Ingvar Gjærde.