Belgtøttene på scenen i Sjøperlo Hall. Det svinga godt då dei heldt romjulskonsert Foto: Grethe Hopland Ravn
Belgtøttene på scenen i Sjøperlo Hall. Det svinga godt då dei heldt romjulskonsert
Søstrene Ingebjørg Lunde (kvit genser) og Olaug Gule svingar seg i dansen. Det same gjer Anne Berit Bøygard og Asta Meling i bakgrunnen
Søstrene Ingebjørg Lunde (kvit genser) og Olaug Gule svingar seg i dansen. Det same gjer Anne Berit Bøygard og Asta Meling i bakgrunnen
Etter konserten var det gratis kake og kaffi til alle
Etter konserten var det gratis kake og kaffi til alle
Det var truleg vêret og holka som var årsaka til at det var litt glissent i rekkene. Rundt 30 personar hadde funne vegen til konserten
Det var truleg vêret og holka som var årsaka til at det var litt glissent i rekkene. Rundt 30 personar hadde funne vegen til konserten

Det svinga av Belgtøttene

Då Belgtøttene heldt romjulskonsert i Sjøperlo sist torsdag føremiddag, blei det god stemning i lokalet. Dei fleste av dei 30 frammøtte trampa takten, og nokre fekk også svinga seg i dansen.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om klink-is og glatt føre kunne ta humøret frå kven som helst torsdag føremiddag, fekk dei som klarte å komma seg til Sjøperlo ein rein musikalsk opptur. I regi av Den kulturelle spaserstokken inviterte Vindafjord bibliotek til romjulskonsert i Sjøperlo Hall, og på scnen stod Belgtøttene. Som alltid leverte dei varene» sine, og det svinga godt frå start til stopp.

— Me er ein fin gjeng som har spelt i lag i over 20 år, sa Unni Marie Lien mens ho introduserte repertoaret dei seks frammøtte Belgtøttene ville framføra i løpet av den neste timen.

I utgangspunktet er dei sju, men Synneva Langhelle frå Ølen var for høvet bortreist og melde pass denne gong. Resten av gjengen skulle ein ut frå namnet å døma tru var damer, sidan dei kallar seg tøtter», men det stemmer altså ikkje. Både bassist Jan Husebø frå Ølen og toradarspelar Roger Løkken frå Vikedal er vaskeekte tøtter» dei også, og har vore det sidan starten. Resten av toradarspelarane er Anne-Brith Haakull frå Skjold, Synnøve Nordtveit Hustveit frå Imsland, Åse Jorunn Blikra frå Vikedal og Unni Marie Lien frå Ølen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS