Kari Rørtveit er seksjonsleiar for etterforsking og etteretning ved Etne og Vindafjord politistasjon.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Seksjonsleiar Kari Rørtveit ved Etne og Vindafjord politistasjon.

— Det er trygt i Ølen

Publisert Sist oppdatert

— Det er trygt å bu og bevege seg i Ølen, seier seksjonsleiar Kari Rørtveit ved Etne og Vindafjord politistasjon.

Dette synspunktet blir delt av leiar Magne Christiansen i Ølen Grendautval, og leiar Guri Ravatn (SV) i Vindafjord integreringsråd.

Ingen blind vald

Mannen i 60-åra som er sikta for drapsforsøk på ein mann i 50-åra i Ølen laurdag kveld samtykka måndag til fire vekers varetektsfengsling.

Hendinga skjedde på ei privatadresse, slik det meste av den alvorlege kriminaliteten i Vindafjord gjer. Rørtveit trekkjer fram tal som viser at det har vore 23 valdsbrotsaker i Vindafjord i 2024, og åtte av desse har skjedd i Ølen. Ingen av sakene handlar om blind vald.

— Folk treng ikkje gå rundt og vere redde, seier seksjonsleiaren.

Ho fortel at få tek kontakt med politiet angåande tryggleikssituasjonen i Ølen generelt. Politiet jobbar førebyggjande i heile kommunen og er synlege både fysisk ute i samfunnet og digitalt gjennom nettpatruljen. Dei samarbeider òg tett med kommunen i skular og andre delar av samfunnet.

Rusa personar i sentrum

Hendinga laurdag har gjort inntrykk i Ølen. Leiar Magne Christiansen i Ølen Grendautval er glad for at den fornærma overlevde. Han er ærleg på at slike hendingar ikkje styrkar Ølen sitt renommé.

— Det kjem meldingar frå utflyttarar og andre med tilknyting til bygda om at ting skjer i Ølen, fortel Christiansen.

Trass den dramatiske hendinga opplever han ikkje Ølen som utrygg. Han høyrer at folk lokalt snakkar om det som skjedde laurdag og minnast at det ikkje er første gong det er knivstikking i Ølen, men understrekar at hendingane har vore i avgrensa miljø.

Når det gjeld henvendingar til grendautvalet om tryggleik, er det få som tek kontakt. Derimot får han meldingar om utfordringar knytt til rusmiljø. Han har sjølv opplevd rusa personar som vandrar rundt i sentrum i ikkje-edru tilstand på dagtid.

Leiar Magne Christiansen i Ølen Grendautval i aktivitetsparken ved eit tidlegare høve.

— Sprengt kapasitet

Både den fornærma og den sikta i hendinga laurdag kveld er ukrainske statsborgarar. På generell basis seier Christiansen at basert på tilbakemeldingane dei får er det utfordringar med integrering i Ølen på både fritidsaktivitetar og skule.

— Det er flott at Vindafjord og Ølen tek imot flyktningar, men kommunen må setje inn meir ressursar for at me skal lukkast, seier han.

Han meiner kapasiteten i bygda no er for sprengt til å busetje fleire flyktningar, men trur ikkje at ei alvorleg enkelthending vil påverke det breie integreringsarbeidet der.

Ser det store biletet

Integrering har lenge vore eit sentralt fokus i Vindafjord kommune, der integreringsrådet no er inne i sitt tredje år. Leiar Guri Ravatn (SV) kallar hendinga laurdag tragisk for dei involverte og for det ukrainske miljøet i Ølen.

— Dei har det tøft nok som dei har det, og slike hendingar vil prege dei meir enn oss etablerte vindafjordingar, seier Ravatn.

Såvidt ho kjent er dette eit eingongstilfelle, og ho vil følgeleg ikkje etterlyse tiltak frå kommunen eller politiet. Sidan det er ei isolert hending trur ho det ikkje vil ha noko å sei for Ølen sitt renommé, og at ein heller må sjå det større bilete.

— Me må unngå å generalisere og seie at dette teiknar Ølen eller det ukrainske miljøet generelt, legg ho til.

Leiar Guri Ravatn (SV) i Vindafjord integreringsråd under ei synfaring på Ølen skule.

Utfordrande å vere ny

Spurt om integreringsrådet kjem til å jobbe for å få til ein handlingsplan knytt til situasjonen i Ølen, svarar ho at ho ikkje har indikasjonar på at det er nødvendig å ivareta den bygda spesielt. Ho er tydeleg på at dette var ein episode mellom to eldre personar, og at det er viktig at det ikkje blir sausa saman med eksempelvis intregreringsutfordringar på skular.

Integrering vil alltid vere utfordrande, meiner Ravatn, og det kan òg vere krevjande for nordmenn å finne sin plass som innflyttarar i ei ny bygd.

— Det er gjort fleire integreringsgrep gjennom idrettslaget og saniteten i Ølen, og dei fleste har det travelt med lekser og barn sine fritidsaktivitetar, så kapasiteten utover det er ikkje alltid så stor, seier ho.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har nyleg oppmoda Vindafjord kommune om å busetje 50 flyktningar i 2025. Ravatn avventar innstillinga frå administrasjonen før ho uttalar seg om Ølen si kapasitet.

Powered by Labrador CMS