Smitte knytt til omsorgssenteret i Etne har auka den siste veka.
Etne kommuen har hatt 27 døger med døgnmulkt til helse Fonna så langt i år. Nå seier kommunedirektør Filippo Ballarin at det må takast grep. Arkivfoto : TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

— Det er noko me ikkje får til her

Pleie- og omsorgssektoren (PLO) i Etne har høgt pasientbelegg, 27 døger med mulkt så langt i år, og eit sjukefråvær på 10,43 prosent. Kommunedirektør Filippo Ballarin seier det ikkje ser ut til å lysna dei neste månadane heller. — Me er nøydde til å sjå på drifta, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Etter nyttår har det vore høgt pasientbelegg både på institusjon og i dei heildøgnbemanna bustadane i Etne, og sidan midten på februar har kommunen også hatt store utfordringar med å ta i mot utskrivingsklare pasientar. Så langt i år er det registrert 27 døger med døgnmulkt til helse Fonna, og Filippo Ballarin sa i formannskapet tysdag at det ser ut til at sektoren også i fleire månadar framover vil ha utfordringar med overbelastning.

— Det er stor auke i avvik per månad, men det set me i grunnen pris på for då veit me at avvikssystemet vårt blir brukt. På den måten kan me samarbeida om kor problemet ligg og me kan finna løysingar i lag, sa han.

Utfordringane det er snakk om er mellom anna velferdsteknologi som ikkje fungerar som han skal. Automatiske dører fungerer ikkje og alarmar går ikkje av når dei skal. Dette er reklamasjon, og Ballarin håpar dette skal vera løyst innan neste orientering til formannskapet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS