Då Eirik Johnsen frå Etne gjekk av med AFP i vår hadde han allereie bestemt seg for kva han ville bruka si nyvunne fritid på. Han ville bygga seg ein kajakk.
— I fjor sommar var me på ferie i Danmark, og då såg eg ein mann på rundt 70 år som kom springande med ein kajakk på skuldra, lempa den på sjøen og hoppa oppi. Den kajakken var eit smykke og eg fekk lyst til å byggja ein sjølv, fortel Johnsen.
Litt erfaring hadde han frå kajakkbygging frå før av også, men det var frå starten av 70-talet då han gjekk på Framnes og laga ein kajakk i seglduk på over 32 kilo.