Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Fekk svaret: Steinar Aalvik kunne endeleg studere steinen på nært hald, og kunne også tilfreds konstatere at rotaryklubben i Odda føretrekkjer nynorsk.Foto: Atle Aas
Steinar Aalvik. Arkivfoto

På tampen

Den der plastikken

Publisert Sist oppdatert

Det er lenge sidan eg har hatt høve til å granska mitt eige blod, sånn inngåande. Det same kan det vera, eg hadde vel neppe fått stort ut av det heller. Men det er nå ein gong slik at eg går rundt med folkeopplysaren NRK rett i øyra dagstøtt, og ein dag vart det fortalt at no er det påvist mikroplast i menneskeblod, og sant og seia vart eg ikkje overraska. Eg minnest potetopptaket i farne tider. Av og til kom dei jordiske leivningane etter ein salpetersekk, eller ei flysse svartplast etter ein jordbæråker, for ein dag. Då retta dei gamle seg i ryggen og sa at det var noko forunderlege greier med den der plastikken. Han rotna ikkje i jorda, same kor lenge han låg. Om han låg framme i lyset vart han sprø og smuldra opp, men han rotna ikkje i jorda – aldri! Dei meinte at det kunne umogeleg vera bra det der.

Eg kan ikkje skryta på meg å vera av ordførarætt, men har i det minste fått med meg at Kvammabesten sat i heradstyre i Kvam ein halv bolk på trettitalet. Det var vel ikkje akkurat då at Bondepartiet var på sitt mest sympatiske, men det var mange som likte han Haoko. Dei meinte å vita nett kor dei hadde han, han var konsekvent motstandar av alt. Ættaboka veit å fortelja at han på sine eldre dagar, som kårmann, arbeidde mykje med prydnadsting i tre, slikt som vart kalla laggararbeid. For dette må han ha slite på seg så pass med merksemd at han i 1963 vart portrettert og illustrert i Bergens Tidende. Han heldt då på med ein dravleambar som skulle verta julegåve, han hadde nemleg ikkje hug til å kjøpa noko i plastic, seier den trauste kjeraldemakaren», står det der.

Powered by Labrador CMS