Bygdehistorie mellom fire permar
Om ikkje lenge får innbyggjarane i Sandeid si eiga bygdebok. Gjennom rundt 1.800 sider kan ein bli kjende med bygda si historie, gardsbruk, folk og levemåte. Alle sju sandeidsbygder er gått etter i saumane.
Etter at både Vikebygd og Vikedal i løpet av dei to siste åra har fått sine bygdebøker, er det endeleg Sandeid sin tur. Om knappe tre veker går dei to binda på rundt 900 sider kvar i trykken, og redaktør Nils Olav Østrem lovar ferdigtrykte bygdebøker til folk i februar 2021.
— Det blei ei lita forseinking på desse bøkene, for i utgangspunktet skulle dei kome i desember 2020. Om ikkje koronapandemien tvingar Europa heilt i kne, får me trykt bøkene, og levert dei ut i februar, seier han.
Viktig informasjon