Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Etne er blitt vant med varmerekordar, og sundag vart på ny den høgaste temperaturen i Noreg målt akkurat her.ARKIVFOTO: ESPEN MILLS(ETNEBILDER.NO
Etne sentrum har mange eigedommar.

Bukostnadene aukar i heile landet

Publisert Sist oppdatert

For ein standard einebustad på 120 kvadrat låg dei gjennomsnittlege bukostnadene her til lands på 116.392 kroner i 2019. Det er ein auke på 9.848 kroner frå 2018. Tal frå Bukostnadsindeksen, er ein rapport signert Samfunnsøkonomisk Analyse på oppdrag frå forbrukarorganisasjonen Huseierne, inkluderer eigedomsskatt, kommunale gebyr, energikostnad, rentekostnad, forsikring og vedlikehaldskostnad. Bukostnaden varierer i dei ulike kommunane og på toppen av lista ligg Oslo som har dei høgaste bukostandene for ein einebustad på 120 kvadratmeter med eit snitt på 165.266 kroner i 2019. Det er ein auke på 12,7 prosent frå 2018. Bergen kjem på plass nummer to med 12.548 kroner, medan Tromsø har dei tredje høgaste bustadkostnadane i landet på 122. 013 kroner. Stavanger ligg på 114.603 medan Levanger i Troms har dei billigaste bukostnadene med 82.013 kroner.

Under gjennomsnittet

Både Etne kommune og Vindafjord kommune ligg under landsgjennomsnittet i bukostnad for 2019. Etne kommune hadde ein bukostnad på 98.568 i 2019. det er ein auke på 4,5 prosent frå året før. I nabokommunen Vindafjord er talet nokre tusen lågare, med 94.276 kroner i 2019. Det er opp 2,7 prosent frå 2018.

Powered by Labrador CMS