Karsten Lunde
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
10 Kjappe
Brennande engasjement for Skakke
Karsten Lunde gler seg når både familien og andre har det bra. Nyleg blei han oldefar for første gong, og for at generasjonane som kjem etter skal ha gode kulturtilbod, er han med og gjer ein innsats for det.
Då det såg som mørkast ut for Skakke, bestemte tre venner seg for å gjera det dei kunne for at kultur- og idrettsbygget skulle overleva. Dermed skipa dei Venner for Skakke og responsen har vore god, men dei etterlyser likevel enda fleire med på spleiselaget til drift av storstova i Etne. Initiativet har vore kjærkome for drifta og spleiselaget har allereie spytta i fleire titals tusen kroner.
— Kva er di sterkaste side?
— Engasjert og uthaldande.