Brannbiltransport over Åkrafjorden

Dei oppmøtte medlemma frå Hardanger Veteranvogn Klubb var i godt humør då dei onsdag ettermiddag […]

Publisert Sist oppdatert

Dei oppmøtte medlemma frå Hardanger Veteranvogn Klubb var i godt humør då dei onsdag ettermiddag henta veteranbrannbilen på Eikemo. Etter 23 års tenestetid på den veglause grenda på andre sida av Åkrafjorden, skal altså brannbilen fortsette livet sitt i Odda med andre veteranbilar. Etter å ha fått ein ekspert til å få motoren til å gå vart brannbilen køyrd ned til kaien, og deretter frakta over Åkrafjorden av M/F Skånevik. I retur donerte veteranvognklubben ei brannpumpe med folkevognsmotor til bebuarane på Eikemo som kompensasjon.

Den gamle brannbilen er kome i land på Viskjer, og skal vidare til Odda.

Foto: Bjørn K. Kjellesvik

Powered by Labrador CMS