Kunnskapen til bøndene om eigne pensjonsrettar er låg, viser ny undersøking. Viktig å sjekke kva ein har i vente, og eventuelt ta sparegrep, til rår bransjeekspertar. Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK
Kunnskapen til bøndene om eigne pensjonsrettar er låg, viser ny undersøking. Viktig å sjekke kva ein har i vente, og eventuelt ta sparegrep, til rår bransjeekspertar.

Bønder veit ikkje kva dei får i pensjon

Kunnskapen til bøndene om eigne pensjonsrettar er låg, viser ny undersøking. Viktig å sjekke kva ein har i vente, og eventuelt ta sparegrep, tilrår bransjeekspertar.

Publisert Sist oppdatert

To av tre bønder veit ikkje kva dei kjem til å få i årleg pensjon frå det offentlege, innanfor ein feilmargin på pluss/minus 20.000 kroner, ifølgje ei måling utført av Agri analyse for Landkreditt. Berre 27 prosent oppgir at dei er kjende med dette. Dei andre kryssar av for at spørsmålet ikkje er relevant for dei.

Svarfordelinga er omtrent den same når det gjeld kunnskap om framtidige ytingar frå eventuell eiga pensjonssparing.

– Slik ville det nok også sett ut for andre yrkesgrupper, så bøndene veit neppe mindre enn andre. Men fordi dei i hovudsak er sjølvstendig næringsdrivande med varierande og ofte forholdsvis låg inntekt er temaet svært viktig for dei, seier Anders Petter Wik, administrerande direktør i Landkreditt Forvaltning, i ei pressemelding.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS