Leiar i Norges Bondelag,Lars Petter Bartnes følte seg provosert over tilbodet frå Staten og innsåg at det var uråd å få til ein avtale med staten.Pressefoto
Bøndene reagerer sterkt
Det går mot svært tøffe forhandlingar. Tilbodet frå staten viser eit stort sprik mellom krav og tilbod.
Regjeringa tilbyr bøndene 410 millionar kroner. Av desse er 177 millionar budsjettstøtte. Bøndene har kravd til saman 1,45 milliardar. Nå går partane i forhandlingar, bondeorganisasjonane og staten, og skal etter planen vera i mål to dagar før nasjonaldagen.
Blant bøndene er det stor skuffelse.
— Regjeringa viser ingen vilje til å følgja opp Stortinget sin vedtatte landbrukspolitikk og svarar ikkje på dei største utfordringane i norsk landbruk, seier ein skuffa Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag i ei pressemelding, etter å ha fått overlevert staten tilbod i jordbruksoppgjeret fredag føremiddag.