Mellomtrinnet i Ølen dansa BlimE-dansen på toppen av RoafjelletFoto og video: Svein Egil Økland
BlimE på nye høgdar
Vinden tok godt tak i elevane frå 5.-7. klasse som valte Roatoppen som åstad då dei skulle dansa den årvisse BlimE-dansen i Ølen. BlimE-veka som har vore markert i heile Noreg denne veka, er NRK Super sin venskapskampanje og i år blir denne kampanjen markert for åttande gong. Målet for ei slik veke ligg i ordet: Bli med! Om samspel og trivsel på skulen, og haldningar, handlingar, språkbruk og ansvar for både seg sjølv og klassekameratane sin trivsel på skulen.
(sjå video nederst i saka)
Dans i distriktet