Ungdomsbedrifta Tønnå UB lagar stolar og bord av gamle oljefat. Her viser Håkon Svendsen (bak f.v.), Sander Kjølvik, Lilly Eidesvik, Nora Eikehaugen, Christian Åreskjold (framme f.v.) og Hanne Elise Hetland Vik fram arbeidet.
Foto: Svein-Erik Larsen
Blei nummer to i NM
Håkon Svendsen, Sander Kjølvik, Lilly Eidesvik, Nora Eikehaugen, Christian Åreskjold og Hanne Elise Hetland Vik i ungdomsbedrifta lagar stolar og bord av gamle oljefat frå Westcon. For dette blei dei i mars kåra til beste ungdomsbedrift i Rogaland, og fekk representere fylket i NM.
Ungdommane går på sal, service og reiseliv-linja på Lundeneset VGS. I NM konkurrerte dei i kategoriane beste marknadsføring, forretningsmodell/plan, rekneskap, samarbeid med næringslivet, HR-bedrift, og den gjævaste kategorien beste ungdomsbedrift. I juryen si grunning for kvifor Tønnå UB kom på andreplass i kampen om beste rekneskap skriv dei:
Selskapet brukte regnskapet som et verktøy for å hente informasjon og løse utfordringer de møtte på. De har en god forståelse for regnskapsføring og økonomi, følger lovverket.»