Blei gode vener til slutt
Det tordna og lynte så mykje den natta Ronja Røverdatter blei født at heile Mattisborga blei delt på midten. Slik starta historia om Ronja, Birk og dei to rivaliserande røvarfamiliane, som til slutt enda opp som bestevener.
Det er ettermiddag og tid for den store premien på teaterstykket om Ronja Røverdattar i hotellhagen i Skånevik. Eit spent publikum fyller nesten alle plassane på arenaen og i spenning ventar dei på av Ronja, Birk, villvettene og røvarane i Mattisskogen skal entra scenen. Brått høyrest lyden av tordenskrall, før røvargjengen inne i borga bryt ut i jubel over det nye jentebarnet som er komen til verda. Også i naboborga blir det født ein liten gut. Dei to borna er født inn i ulike røvargjengar som kjempar om makta i skogen, og det skal ta mange år før Ronja og Birk møtest og endar opp som bestevener.
Den kjente historia signert Astrid Lindgren står på plakaten under Pippifestivalen for første gong, og heilt frå starten let publikum seg gripa av dei unge skodespelarane som leverte ei strålande førestilling saman med resten av ensemblet.
— Eg er veldig stolt over alle og godt nøgd med opningsdagen, seier Theresa Tungesvik Hereide som saman med Bård Henrik står i spissen for festivalen.