Årets varme og tørre sommar har gitt gode avlingar, og mange bønder har dei siste dagane fått inn ein grei tredjeslått.Arkivfoto
Blant dei varmaste somrane sidan målinga starta i 1900
Aldri før har Meteorologisk institutt målt fleire dagar med temperatur over 20 grader eller meir på éin sommarsesong. På landsbasis blei sommaren 2021 den sjuande varmaste sidan måleserien starta i 1900.
Vårt statlege institutt for meteorologi har oppsummert årets sommar og blant anna funne ut at det ikkje har vore mangel på varme mange stader. Gjennomsnittstemperaturen for heile landet enda på 1,1 °C over normalen.
— Relativt varmast var det på Vestland der fleire stasjonar hadde avvik på dryge 2 °C over normalen. Relativt kjøligast var det i Troms og Finnmark, der enkelte stasjonar hadde avvik på opptil 0,5 °C under normalen, seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt, i ei pressemelding.
Det var målestasjonen på Notodden flyplass som sette rekord for antal dagar med 20 grader eller meir. Førre rekord var frå same stasjon med 85 dagar i 2006. Det var altså berre fire dagar frå juni til august kor temperaturen her ikkje gjekk over 20 grader.
Dei varmaste stasjonane var
• Oslo – Bygdøy (Oslo) 18,0 grader (1,2 grader over normalen)
• Oslo – Hovin (Oslo), Oslo – Blindern (Oslo) og Drammen – Berskog (Viken) 17,9 grader (hhv 1,2 grader, 1,4 grader og 1,3 grader over normalen)
• Færder fyr (Vestfold og Telemark), Gullholmen (Moss, Viken) og Sarpsborg (Viken) 17,7 grader (hhv 1,0 grader, 1,2 grader og 1,4 grader over normalen)