Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) la måndag fram den nye regjeringa sitt forslag til endringer i statsbudsjettet for 2022. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) la måndag fram den nye regjeringa sitt forslag til endringer i statsbudsjettet for 2022.

Statsbudsjettet

Bilistane slett heile auken i CO2-avgifta

NPK-NTB: Ap-Sp-regjeringa går inn for at bilistane i stor grad skal skjermast for auka CO2-avgift. Men avgiftsauken blir nulla ikkje heilt ut.

Den nye regjeringa gjer inga endring i dei borgerlege sitt forslag om å auke CO2-avgifta med 28 prosent.

Men bilistane skal i stor grad kompenserast for auken.

Det går fram av forslaget Ap-Sp-regjeringa har til endringar i statsbudsjettforslaget frå den borgarlege regjeringa.

Kompenseringa skal skje i form av redusert vegbruksavgift og trafikkforsikringsavgift. I vegbruksavgifta er det i hovudsak biodrivstoffkomponenten som blir kutta.

Samla sett vil drivstoffavgiftene likevel auke noko.

For bensin blir det snakk om ein auke på 12 øre frå 2021-nivå, medan det for diesel blir ein auke på 13 øre frå 2021.

Med budsjettforslaget frå Solberg-regjeringa ville avgiftsauken for bensin og diesel ha vorte om lag tre gonger så stor.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS