Bidrar til å halda dei norske sauerasane i hevd
Arve Bakkedal er gardbrukar i Sandeid i Vindafjord kommune. Akkurat når interessa for gamle sauerasar melde seg, veit han ikkje. Men alltid» verkar å vere dekkande.
I dag har Bakkedal elleve av dei tolv nasjonale sauerasane i sitt bibliotek». Fem av dei er bevaringsverdige. Vi har seks slike sauerasar i Noreg: blæset, dala, fuglestadbrogete, grå trønder, rygja og steigar.
Gardsdrifta elles er mjølkeproduksjon og svin, med ein mjølkekvote på 140.000 liter og rundt 750 slaktegris årleg. Sonen har no overtatt denne drifta, men vi får inntrykk av at far er ein aktiv assistent.