Illustrasjonsfoto: Politiet

Bestill pass no – få passet i tide til ferien

Pågangen på passkontora i Sør-Vest politidistrikt er stor, og politiet oppmodar folk til å vera tidleg ute for å unngå problem før ferien.

Publisert Sist oppdatert

– Dette har mest sannsynleg samanheng med at folk har erfart at det kan vera vanskeleg å få time i høgsesongen, og dei er derfor tidleg ute. I tillegg sender me SMS-påminning til dei som har pass som snart går ut, seier Kjetil Optun, leiar for forvaltningsseksjonen i Sør-Vest politidistrikt, i ei pressemelding.

For å sikra at flest mogleg får ordna pass i tide, legg passkontora ut timar 180 dagar framover. Samtidig blir det kvar måndag lagt ut fleire timar for dei næraste dagane og vekene. Politiet anbefaler folk til å sjekka politiet.no jamleg, då det kan dukka opp nye timar gjennom veka på grunn av avbestillingar.

Jobbar med å styrka bemanninga

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS