llustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Ber om tips frå publikum om ulovleg laksefiske
Statens naturoppsyn aukar nærværet sitt og ber publikum tipse om ulovleg laksefiske etter at fisket i 33 elvar og store sjøområde vart stansa 23. juni.
–Miljødirektoratet styrkjer gjennom Statens naturoppsyn nærværet i dei elvane som er stengde for laksefiske, og i sjøområda knytte til dei same elvane, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet i ei pressemelding.
Miljødirektoratet stansa 23. juni fisket av laks i33 elvar, og i sjøen frå svenskegrensa i sør til og med Trøndelag. Så langt i laksesesongen har det vore rekordlåge mengder laks som har komme opp i elvane frå havet, i Trøndelag og sørover.
Stansen i laksefisket vart innført for å sørgje for at det kjem nok gytefisk opp i elvane til at det blir nok lakseungar neste år til å føre bestandane vidare.