Bankmann og eldsjel
Med eit sterkt engasjement for idrett og lokalsamfunn har Lars Olav Larsen (69) vore ei drivkraft, spesielt for skianlegget på Fjellstøl. Etter eit langt arbeidsliv i bank, går han av med pensjon til hausten – men heilt stille blir det nok ikkje rundt han.
— Kom inn, seier Lars Olav Larsen. 69-åringen står i døra og ønskjer velkomen til Fjellstøl idrettsanlegg i Sandeid. Det er ein perfekt morgon å møtast i fjellheimen. Sola skin på fjelltoppane og kryp sakte mot idrettsanlegget. Men det er ikkje mykje til skispor å sjå, snøen som låg for litt sidan har nå smelta, og det er berre eit tynt lag med snø att.
Bjørndalen og Northug
Når Larsen tek i mot på Fjellstøl, er det nesten som om ein har kome heim til han. Han og kona bur rett nok på ein gard i Sandeid, i same tun som sonen og familien hans, som har overteke. Og heile livet, utanom dei åra han studerte, har han budd i Sandeid. Men han fortar seg i gang med praten om sin andre heim, Fjellstøl, som han har vore ein del av heilt frå starten av bygginga av anlegget. Ifølgje dei som kjenner han, har han vore som ein sjuande far i huset og heilt avgjerande for å få anlegget opp til det nivået det er på i dag. Han har stått for dagleg ettersyn og hatt kontroll og oversikt over anlegget.