Vêrgudane spela på lag med det årelege sankthans arrangementet på Sæbøtunet i Etne. Om dagen starta regntung, vart skydekket omgjort til solgløtt og skimt av blå himmel fram til bålet ebba ut. Trekkspelmusikk og lukt frå grillen møtte små og store som fann sin plass rundt bord og benker. På trappa ved det kvite huset stod Anna Sørheim Reiso (17) og ønskte velkomen inn på den koselege museumskafèen med nysteikte lappar, is og drikke
— Kvar tysdag og sundag er eg tilsett her som omvisar og vaffelsteikjar heile sommaren, smiler ho samstundes som ho ser til at gjester og kundar har det bra denne sankthanskvelden.
Sunnhordland Museum sin formidlingsleiar Charlotte Tvedte fekk det travelt då den eine etter den andre hadde lyst å prøve spikking og fann sin plass på trestubbane. Fleire aktivitetar var det også mogleg å prøve seg på.