Dagleg leiar ved Frisk Treningssenter, Andreas Hustveit, har sett opp sauna i Ølen. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Dagleg leiar ved Frisk Treningssenter, Andreas Hustveit, har sett opp sauna i Ølen.

Badstu med fjordutsikt

Freistar det med eit avslappande badstubad etterfølgt av ein forfriskande dukkert i sjøen kan den nye saunaen ved Frisk treningssenter i Ølen sentrum vera staden å besøkja.

Publisert Sist oppdatert

Trygt plassert på ei solid flytebrygge og med flott utsikt over fjord og fjell ligg Heit Ølen Sauna. Den nye saunaen er open året rundt, og alle som ønskjer seg ei gloheit oppleving i kvardagen, kan bestilla seg ein time aleine eller saman med andre. Frisk Treningssenter står som eigar av det nye tilbodet, og tilsette ved treningssenteret syt for at det er både varmt og reint til gjestene.

— Dei som bestiller time, kjem til reingjort og oppvarma badstu. Saunaen har ope frå ni på føremiddagen til ti om kvelden, og me tek imot alle personleg, seier dagleg leiar i Frisk Treningssenter, Andreas Hustveit, som driv saunatilbodet i Ølen gjennom franchisegjevar Heit Sauna Norge.

— Folk kan bestilla time på nett. Enten privattid eller som felles badstu. Saunaen har plass til 10 personar, og prisen varierer etter talet på personar. Frisk sine medlemmer får rabatt på felles badstu, seier han.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS