Tereza Nestverko driv kiosk og cateringverksemd om bord i MF Kvinnherad» på åttande året.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Både ny og gamal ferje er utan kafé
Det er over og ut for kafé på strekninga Skånevik-Matre-Utåker når ny el-ferje går inn i sambandet neste år. Men kafeen stengte alt i går fordi drivarane har fått seg ny jobb.
Tereza Nesterko og sambuaren Risad Saihutdinov har likt seg godt med å drive kafé på ferja som går til og frå Skånevik kai, og ville gjerne fortsette å drive, men dei har ikkje møtt interesse for vidare drift frå den nye operatøren Boreal Sjø AS som tar over for Norled AS.
— Me har heilt klart erfaringa, kundebasen og alt anna som trengs for å få slik drift til. Me tok kontakt med konsernet, men med manglande interesse har dette vist seg å vere vanskeg å få til.
Måtte reorientere
No blir det landbasert kafé i Borggata 15 i Leirvik, med fokus på uformell kafémat og husmannskost, og tre årsverk på sikt. Nesterko har hatt det travelt med flytting den siste månaden, og satsar på å opne allereie i slutten av denne veka. Siste dag med kafeåpent på den gamle ferja var på tysdag, og den blir altså varande utan servering ut året, til ho blir avløyst av sin meir miljøvennlege arvtakar på nyåret 2020.