Veterinærane Ane Sandal Solberg, Håvard Kambo og Benedicte Gravdal Mæhlum har sagt opp veterinærvaktavtalen med Etne kommune.
Foto: Privat
Avviser tilbodet frå Etne kommune
Veterinærane Håvard Kambo, Benedicte Gravdal Mæhlum og Ane Sandal Solberg har avvist tilbodet frå Etne kommune og krev betre vilkår og nye forhandlingar.
Som Grannar tidlegare denne månaden skreiv om, har dei tre veterinærane i Etne forhandla med Etne kommune om ny veterinærvaktavtale. Ein slik avtale er nødvendig for å sikra akutthjelp til produksjonsdyr og hest utanom ordinær arbeidstid, og dagens avtale går ut i februar. Kambo,
Gravdal Mæhlum og Sandal Solberg set krav til høgare vaktgodtgjering og ei løysing som gjer det mogleg å dekka nattevakter lokalt utan å dela med nabokommunar. Veterinærane peiker også på utfordringar knytt til lågare næringsgrunnlag og viktigheita av beredskap, særleg i vårsesongen med kalving og lemming. Dette er viktig for dyrevelferda i kommunen. No har kommunen tilbydd ein avtale på nivå med Vindafjord, men partane er ikkje samde fordi kompensasjonen blir ifølgje veterinærane for låg. Dei meiner tilbodet ikkje reflekterer arbeidsbyrda dei står i, og håpar på eit nytt møte der kommunen kan visa større forståing for situasjonen og dei faktiske utfordringane ordninga medfører.
Stor belastning