Avisene taper

Haugesunds Avis er blant dei størretaparane. Grannar har ein svak tilbakegang. Opplagstala frå MediebedriftenesLandsforening (MBL) […]

Publisert Sist oppdatert

Haugesunds Avis er blant dei størretaparane. Grannar har ein svak tilbakegang.

Opplagstala frå MediebedriftenesLandsforening (MBL) viser ein nedgang på 2,8 prosent i 2008, som tilsvarer over75.000 eksemplar. Nisjeavisene, som Dagens Næringsliv, Morgensbladet ogKlassekampen, greier seg svært bra og aukar opplaget.

Vel 60 prosent av avisene har tilbakegang.Regionsavisene er blant dei som taper mest på opplagsfronten. Blant desse erHaugesunds Avis, som i fjor hadde ein tilbakegang på 1.106. Det tilsvarer 3,5prosent. Godkjent opplag er på31.907.

Av dei store nasjonale laussalsavisene ertilbakegangen mest dramatisk for Dagbladet (-12.228) og VG (-25.196).

Lokalavisene
Lokalavisene greier seg betre enn mestepartenav dei større dagsavisene. Opplagstala viser at lokalaviser tilknytt Landslagetfor Lokalaviser (LLA) har ein liten tilbakegang på 0,3 prosent frå 2007 til2008 – etter 16 år med framgang.

Avisene med under 6.000 i opplag har gåttfram med 0,7 prosent, medan dei litt større lokalavisene har ein litentilbakegang.

Opplagstala til Grannar viser eintilbakegang på 40 i 2008 og eit godkjent opplag på 3.889. Tilbakegangen er påvel ein prosent. Utviklinga er likevel positiv, og status per starten avfebruar 2009 er like mange abonnentar som eitt år tidlegare.

Powered by Labrador CMS