Julehandelen er i gang. Sveinung Arnestad i Ølen sel bra med gull, sølv og klokker til jul.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Julehandelen er i gang. Sveinung Arnestad i Ølen sel bra med gull, sølv og klokker til jul.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Bøker av lokale forfattarar går unna i butikken til Torger Ohm i Ølen.

Avhengig av god julehandel

Statistikk frå NHO Service og Handel viser at gullsmedar, bokhandlarar og urmakarar omset for dobbelt så mykje i desember månad som andre månader. Hos gullsmed Arnestad i Ølen er julehandelen svært viktig for omsetnaden.

Publisert Sist oppdatert

Julestria nærmar seg, og om knappe sju veker skal julegåvene og julematen vera på plass rundt om i norske heimar. I fjor omsette handelsnæringa for 58,5 milliardar kroner her til lands, og ei julehandelanalyse utført av NHO Service og Handel viser at folk også i år vil bruka svært mykje pengar i julemånaden.

Tala viser at folk busett i Hordaland vil bruka 11.122 kroner i snitt per på årets julehandel i desember. For Rogaland er talet 10.675 kroner, medan folk i Akershus toppar lista og kjem til å bruka heile 12.587 kroner på julegåver, mat og andre varer i butikk og på nett i desember. Nedst på lista finn ein Sogn og Fjordane med 10.193 kroner.

På landsbasis brukar folk i Noreg 23 prosent meir på innkjøp av varer i desember enn i ein gjennomsnittsmånad, og for enkelte bransjar er handelen i desember viktigare enn for andre. Leketøysbransjen hentar nær ein fjerdedel av årsomsetninga i årets siste månad, medan gullsmedar, bokhandlarar og urmakarar har dobbelt så høg omsetnad enn elles.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS