Åtvarar mot å ta verdiar i SØK til eigen vinning
Sentrale næringslivsaktørar i Vindafjord og Skånevik tar til orde for at generalforsamlinga i Skånevik Ølen Kraftlag ikkje må ta av fellesskapet sine verdiar til eiga vinning, slik styret i selskapet vil ha eigarane med på, meiner dei.
Det går fram av eit debattinnlegg i Grannar i dag som Øystein Matre, Westcon, Sigmund Lunde, Omega, Roar Knudsen, Knudsen Dørfabrikk, Arne Bergsvåg og styreleiar Terje Aarekol i Medvind Næringshage, er forfattarane bak. Næringslivet har vore pådrivar for å få i stand sal og realisering aksjane Skånevik Ølen Kraftlag har i Haugaland Kraft.
Dei tar til orde for at fellesskapet sin del må bli større enn det styret i SØK går inn for. Som kjent selde SØK AS alle verdiar i selskapet til Haugaland Kraft AS, og fekk gjort opp i aksjar i nettselskapet i Haugesund.
Midlar til bygdene