Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

39-22-Atle Hansen

Atle Hansen til Etne og Skånevik

Forfattar, musikar og journalist Atle Hansen frå Stord kjem måndag 30. mai til biblioteka i Etne. Atle Hansen gav i fjor ut boka Han som vart att», ei underhaldande forteljing om Vestlandet og den gjennomgripande utviklinga som landsdelen har vore gjennom dei siste femti åra. Boka er skrive i den munnlege sunnhordlandske forteljarstilen og er vittig og med høg attkjenningsfaktor. Då han ikkje berre er forfattar, men òg visesongar, vil han spela nokre songar han har laga sjølv undervegs, blant anna songen som starta bokprosjektet. Det er to arrangement denne dagen, på dagtid i Etne og på kveldstid i Skånevik. I Etne kan du ta med eigen lunsj eller kjøpa noko godt hos Skakke. Arrangementa er støtta av den kommunale potten av Den kulturelle spaserstokken, og sidan det er eit samarbeid med Frivilligsentralen kan dei som er over 70 år kontakta Frivilligsentralen for å ordna skyss til arrangementa.

Powered by Labrador CMS