Inga-Cecilie Sørheim. Foto: Privat
Inga-Cecilie Sørheim.

På tampen

Aldersambivalens

Publisert Sist oppdatert

Alder, er det berre eit tal? Vi vil leve lenge vi, men gamle vil vi aldri bli». Berre det å hugse denne strofa får meg til å føle meg gammal. Ja, me vil leve lenge og bli gamle. Men det skal helst ikkje vise.

For kvart år som går, blir avstanden mellom min opplevde alder og min faktiske alder stadig større. For all del, eg føler meg ikkje tjuefem lenger. Men eg klarar ikkje å identifisere meg med alderen min. Mentalt har eg stoppa opp for nokon år sidan. Og greitt, du skal sleppe å spørje ei dame om alderen. Eg kan avsløre at eg er halvvegs til nitti. Ingen alder, tenker du kanskje. Heilt sant.

Er alder berre eit tal? Nei, det er jo ikkje det. Alderen kjennes på kroppen. Alderen er synleg i spegelen. Heldigvis blir synet også dårlegare.. Eg klarar ikkje omfamne aldringsteikna og det fysiske forfallet. Ein veit jo at det berre går ein veg. Like fullt held me oss betre enn nokon gong, dei fleste av oss. Femti er det nye førti og så vidare. At det å halde seg godt» er det beste komplementet du kan få, er forresten også eit aldringsteikn.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS