Synnøve Sævareid er glad i hagen sin, og brukar mykje tid her. Å komma seg ut i frisk luft og å jobba i hagen har vore viktig for henne i tida etter at sonen Tobias omkom i ei ulukke for 2,5 år sidan.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Å leva vidare etter Tobias
Å gå berrføtt rundt i hagen og plukka blomster, kjenna på dei gode luktene og lytta til lyden av både fuglar og bier, er noko som gjer godt i sjela for Synnøve Sævareid frå Kyrping i Etne. Her har ho både blomster ho har planta sjølv og blomster som veks vilt, i tillegg til buskar og andre vekstar.
Midt i hagen står bestohuset» som ho kallar heimen sin. Eit sjarmerande lite trehus, gjennomført og gammaldags på same tid, fullt av minne og nostalgi, og som til og med har eigen konto på Instagram. Her budde ho først då ho var lita jente, før ho i vaksen alder pussa opp det gamle gardshuset og flytta inn igjen, lag med sonen Tobias.
I dag bur ho her åleine.