Interessa for å ta vare på dei gode historiene frå gamle dagar og for å føra vidare soga om livet slik det arta seg før i tida, ligg til grunn for det eineståande arbeidet Sverre Tørresdal, Claus Tørresdal, Jon Tørresdal og Hans Frøyland har gjort. Ved hjelp av gamle kyrkjebøker, tingbøker, bygdabøker og munnlege overføringar har dei leita fram historier om små og store hendingar til dei som busette seg i Tørresdal etter at Svartedauden la området aude i over 200 år.
I den ferske boka med tittelen Soga om Tørresdal», kan ein lesa om gamle grensetvistar, om jordbruk og heimelaga trøsjeverk og om skulekvardagen i gamle dagar. Ein får høyra om gravferda til ekteparet Ola og Anna i 1763 og opprøret mot presten som tok seg litt for godt betalt for å halda likpreiker, og ein kan lesa om dei første amerikareisande som la i veg til fots over fjellet til Gøteborg for å ta båt vidare over Atlanteren, men som kom for seint til båten og måtte gå heim igjen.
Vonde og gode historier