No skal vegar i Vestland sikrast. Fylkeskommunen set av 8,5 milliardar kroner til arbeidet, og 18 kommunar har fått innvilga søknadene sine.
Foto: Marianne Løvland / NTB / NPK
8,5 millionar kroner til trafikktryggleik i Vestland
Trafikktryggleiken i Vestland skal rustast opp. 8,5 millionar kroner går til 18 kommunar i fylket.
– Me har prioritert tiltak som vil trygga mjuke trafikantar, særleg born og eldre, og tiltak som vil redusera risikoen for møte- og utforkøyringsulukker, seier leiar Arve Helle i trafikktryggingsutvalet i Vestland i ei pressemelding.
Pengane skal gå til fortau, rekkverk og gatelys langs vegane.
– Alle kommunane som har søkt har ein oppdatert trafikktryggingsplan, eller er i prosess med ny plan. Dette er eit positivt teikn, det var søkt om mange gode tiltak og prioriteringane var krevjande, seier Helle.
I alt fekk fylket 65 søknader frå 22 av dei 43 kommunane i fylket.
– Skal me lukkast i måla om reduksjon i talet på drepne og hardt skadde i vegtrafikken må me ha fleire kommunar med på laget og jobba langsiktig, seier Helle.