Rune Håland håpar å fullføre yrkeskarrien sitt på Westcon sitt verft i Ølensvåg.
Foto: Svein-Erik Larsen
Tettare på
60 år som industrilandemerke
— Eg ser for meg å stå heile yrkeskarrieren her, seier Rune Håland (50).
Etnebuen trivst som formann på prefabrikkering i Westcon Yards i ein av dei mange hallane på verftet. Håland og kollegaene i hallen får inn teikningar og gjer oppdrag for både båtar og offshore-næringa.
Det er fire tilsette som jobbar fast i hallen. Når det er mest aktivt kan det vere opp til 10-15 personar i sving der. Håland trekker fram storleiken som den største forandringa der sidan 1996.