Situasjonen har vorte noko betre i fastlegeordninga.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
350.000 ventar på ny fastlege
Talet på nordmenn som ikkje har fastlege, har falle noko dei siste åra – men talet som ventar på å få ny fastlege, har skote til vêrs.
Det viser ein ny evalueringsrapport frå Oslo Economics og Universitetet i Oslo, som blir lagd fram i samband med Fastlegekonferansen onsdag.
Fastlegekrisa har vore ei av dei mest omtalte problemstillingane i helsevesenet, og tidlegare helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) la inn mykje innsats for å snu trenden. Det er likevel etterfølgjaren Jan Christian Vestre (Ap) som deltek på presentasjonen av evalueringsrapporten for 2023 – som viser noko framgang, men også store utfordringar.
Heile 350.000 ventar på å byte
Sommaren 2023 var heile 228.000 innbyggjarar i Noreg utan fastlege, eit tal som no har falle til 181.000. Det var 521 nye fastlegar som byrja i jobben i fjor, mot 309 som slutta.