Sigmund Lier (t.v.), Lars Anders Drange, Håvard Handeland, Tiril Fjeld, Tora Margrethe Eide og Kina Bjøralt, under stoppet i Haugaland næringspark.
FOTO: Siri Storesund Hansson/Tysvær Bygdeblad
20 år med samarbeid
Med den nye logoen til Haugaland Vekst på t-skjorta, strålte Sigmund Lier på kaien i næringsparken i Gismarvik då han kom saman med ei god gruppe frå næringslivet på Haugalandet.
— Me er no på industrisafari og reiser rundt i regionen på bedriftsbesøk. Så langt har me vore på Hatteland og Kårstø, no er me på Gismarvik, og snart skal me vidare til Hydro på Karmøy. Deretter blir me tekne imot på rådhuset i Haugesund av ordføraren der, der me skal feire resten av dagen, seier Lier.
Under turen vil også personar frå ulike bedrifter snakke om verksemdene sine, så det blei ein innhaldsrik dag for dei som var med på reisa. Blant deltakarane var representantar frå Haugaland Kraft og Høgskulen på Vestlandet.
— Sidan Sauda kommune ligg eit godt stykke unna og ikkje kunne vere ein del av stadene me besøkte under safarien, blir dei i staden med som deltakar på bussen, seier Lier.