Det vart registrert 1.546 nye koronatilfelle det siste døgnet, 94 færre enn same dag i førre veke. Onsdag var 97 koronapasientar innlagde på sjukehus, seks færre enn dagen før. Illustrasjonsfoto: Jil Yngland / NTB / NPK
Det vart registrert 1.546 nye koronatilfelle det siste døgnet, 94 færre enn same dag i førre veke. Onsdag var 97 koronapasientar innlagde på sjukehus, seks færre enn dagen før.

1.546 nye koronasmitta registrert siste døgn

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 1.546 koronasmitta i Noreg. Det er 94 færre enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 1.415 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 1.385, så trenden er stigande.

Onsdag var 97 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var seks færre enn dagen før.

35 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 14 på respirator. Det er tre fleire på intensiv og éin fleire på respirator enn dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Ved midnatt natt til torsdag var det utført 7,3 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 171.719 personar testa positivt.

Til no har 3.916.953 personar fått første dose av koronavaksinen, og 3.314.137 personar har fått andre dose.

Til saman er 826 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

58,5 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 18 dødsfall i Noreg.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS