Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

100 år med bygdemølle

Publisert Sist oppdatert

17. november 1919 skreiv rundt 50 bønder i Etne under på papiret som gjorde dei til medeigarar i det som fire år seinare skulle bli bygda si første bygdemølle. I styret sat 7 lokale bønder med bonde Amund T. Enge i spissen. I statuttane for samvirkelaget går det fram at føremålet med mølla var å tørka, formala eller på annan måte foredla kornprodukt, samt skaffa medlemmene gode mjølvarer av eige eller innkjøpt korn. Bøndene, som alle gjekk inn med kroner 100 for kvar part, sikra seg mot eventuelt dårlege tider med følgjande avsnitt i avtaledokumentet: Samvirkelaget Etne Bygdemølle er et uansvarlig selskap, med vekslende andelskapital og medlemstal».

Etter at Etne Bygdemølle formelt var stifta, starta jobben med å skaffa tomt, setja opp bygning og skaffa utstyr. To år etter stiftingsdato blei Torgeir Steinstø tilsett som møllar, og i 1923 blei det nye mølleanlegget på Håfoss, nokre kilometer aust for sentrum, tatt i bruk. For å skaffa til vegs straum til å driva mølla blei det samstundes bygd eit kraftverk på tomta som ligg like ved elva. Generator og turbin blei overtatt frå kraftstasjonen i Litledalen og snart kunne både mølla og naboane i kring nytta seg av kraft frå den frodande fossen. Men då turbin og generator var nedslitne blei kraftproduksjonen avslutta i 1990.

Flytting

Powered by Labrador CMS