Torstein Tysvær Nymoen
FOTO: RINA ASPMO
Julehelsing frå redaktøren
Ver ein ven i jula
Kjære lesar. Jula står for døra. For mange av oss handlar høgtida om å kome heim, senke skuldrene og nyte god mat og triveleg samvær saman med sine aller næraste. Nokre ser fram til å samle barn og barnebarn til ribbe- og pinnekjøtmiddag, mens andre kjenner på ei lita kribling fordi dei besøker familien til kjærasten sin for første gong.
For andre er jula ei sår tid, og kanskje til og med den mest krevjande i året. Nokre har mista ein nær og kjær i sjukdom, ulykke eller alderdom. Mange stolar som i fjor var fulle av liv og gode smil står tomme. Rundt mange middagsbord vil det vere både mimring over gode minne, og tårer i sakn over dei som er borte. For andre kan jula vere ekstra sår grunna samlivsbrot, med leie kjensler hos både vaksne og barn som skal feire si første høgtid kor mamma eller pappa for første gong ikkje er med og opnar pakkane under treet.
Andre feirar kanskje jul i nabostova di i djup takksemd over å vere trygge i Noreg, men samtidig med like djupt sakn etter å kunne markere høgtida i sitt eige heimland. Men kor bomberegn og landminer gjer det umogeleg. Fleire av flyktningane som bur i distriktet vårt skal leve gjennom juledagane med uro og uvisse for om nære slektningar og vener er i live frå den eine dagen til den andre.