Debatt
Våge me å bli bjoabuar?
Me er 30 unge, (mange av oss par) i etableringsfasen som nettopp har flytta til Bjoa eller er på veg til å flytta til Bjoa i løpet av dei neste 1-3 åra. Men berre sju av oss blir verande på Bjoa viss skulen blir lagt ned! Me vil helst bu på Bjoa, få vere ein del av denne fantastisk flotte bygda. Det er eit fantastisk miljø her, der dei flest kjenner kvarandre og det er lett å få til kjekke ting i lag. Til dømes Sommarpub eller rulleskøytetreff i gymsalen. Me meiner at Bjoa er ein veldig god plass å veksa opp. Fordi: Me har ein veldig god barnehage og skule med flinke tilsette. Ein ekta bygdaskule midt i nærmiljøet, der alle kjenne alle, det er trygt og godt. Og på skuleavslutningane er alle skuleelevane og barnehagebarna i lag i gymsalen, og ungane får visa foreldre, søsken, besteforeldre, tanter og onklar kva dei kan. Dette gjer dei små skulane unike og skapar ein trygg identitet, kjensla av å høyre til og samhald i bygda. Det er laget rundt barnet i praksis. Det at fleire av ungane våre får vekse opp i same bygd som besteforeldra bur, har ein stor verdi. Både med tanke på barnepass, slik at foreldra får logistikken til å gå opp og avlastning. Men også for besteforeldra som får lov å bli ein større del av barnebarnas liv og for barna som får ha storfamilien rundt seg i kvardagen. Dette er livskvalitet. Truleg sparer det og kommunen for betydelege utgifter til heimesjukepleie og institusjon, ved å utsetja innslagspunktet for kommunale tenester. Bra for kommunen og bra for innbyggjarane!
Bjoa er ei lita bygd, men me har noko for dei fleste, fordi dugnadsånda her er så god. Me har: 4H og Pluggen fritidsklubb for ungdommane, Rulleskøytegjengen i gymsalen for dei minste. Bjoa Sanitetsforening har Kløvertreff med middag for dei eldre 1 gong kvar månad og heilårsbading kvar laurdag i Vedvikjo for dei som likar slikt, Julemesse og andre arrangement. Bjoa Idrettslag arrangerer bl.a. halv-maraton, driftar den flotte fotballbanen vår og opnar snart nytt treningsrom i bygda. Bjoa Båtlag driftar den flotte båthamna vår. Bjoa Bondelag har møte for bjoabøndene kvar månad og Bjoa miniatyrskyttarlag driv aktiv opplæring både innan- og utandørs. Utbjoa Grendahus har søndagskafe og Bygdalaget Haugsbu har sine samankomster. Bjoa Boksamling har ope ein gong i veka. Innbjoa Bedehus har stor møteaktivitet og Credo for store og små. Bjoa Bygdeutviklingslag jobbar for at Bjoa skal vere ein god stad å bu, og gjer at me får til alt me vil på Bjoa.
Fleire av oss 28 er 1. generasjons ungdomsskulependlerar til Ølen. Kom ikkje til oss og sei at sentralisering av skulen handlar om følelsar! Me veit kva det vil seie å ha 1,5-2 timars skuleveg kvar dag i 6 år (ungdomsskule og vgs). Me ønskjer ikkje ein slik kvardag for barna våre allereie frå dei er 5-6 år. Og når dei fleste fritidsaktivitetane blir flytta til Ølen/Vågen, kjem reisetida for slikt i tillegg. Dette er ikkje den livsstilen me vel å flytte til Bjoa for – det blir ein kvardag på hjul. Me trur at å bevare Bjoa skule vil gagne totaløkonomien i kommunen meir enn nedlegging.
Kommunedirektørens budsjett seier at me skal spare 3,5 mill på å leggja ned Bjoa Skule. Men viss me tar oss tid til å trekka i frå grunnskuletillegget på 0,6 mill og drift av bygdahuset på 0,5 mill (minst) og 0,7 mill i 2 ekstra minibussar for dei minste (for å senke reisetida frå 1 til ½ time kvar veg). I tillegg kjem store negative følgjeeffektar av nedlegging og fråflytting, bl.a. tapte skatteinntekter og tapte rammeoverføringar. Dette kan jo ikkje gi noko økonomisk gevinst for kommunen. Så kvifor vil dåke likevel legge ned skulen vår? Kjære politikarar, dåke som er så bekymra for demografien. Kvifor vil dåke fjerna livsnerva i bygda vår? Kan dåke ikkje la skulen vår i fred, slik at me unge kan våga å etablera oss på Bjoa, og vera med å bidra til at Bjoa forblir ei levande bygd med utvikling og framtidstru, også for kommande generasjonar?
Me vil gjerne bidra til Vindafjord med både innbyggjarar, arbeidskraft, skattekroner, rammeoverføringar og frivillig engasjement, viss me får vera Bjoabuar!
Med vennlig hilsen
Asbjørn Gramstad 27 år
Anna Kleivane Kvåle 22 år
Aleksander Bjørnø 26 år
Åshild Vee Sandsgård 28 år
Mathias Granberg 30 år
Beate Svendsen 24 år
Jens Grønnestad 28 år
Veslemøy Staurland 22 år
Sindre Sandsgård 21 år
Ove Stople
Unn Johannessen Vølstad
Amalie Mathisen 21 år
Ranveig Hetland 30 år
Sigbjørn Sævareid 29 år
Tord Hetland
Marianne Cederløv
Vegard Hetland
Annelise Grindheim
Simon Svendsbø 25 år
Ingrid Vormestrand 21 år
Erlend Hetland 22 år
Christian Eitreim 20 år
Tor Vee Sandsgård 21 år
Deimilis Korenkovas 21 år
Julita Wojtkowska 22 år
Kenneth 28 år
Ida 26 år
Frode Bødtker 26 år
Solvor Vee Sandsgård 25 år
Sander Heggen 26 år