Bondelaget er opptatt av matvaresikkerheit og at landet har kornlaget.Arkivfoto
Tiltak må på plass for å sikre norsk matproduksjon
Den siste veka har vorte prega av at Russland har invadert Ukraina. Det som me har frykta ei stund har no blitt verkelegheit. I Ukraina har folk flykta i tusental medan russiske styrkar har rykka lenger og lenger inn i landet. Det er ikkje mange av oss som greier å førestille seg den situasjonen Ukrainas befolkning er i no, men at dei er i ein fortvila situasjon, det er sikkert.
Oppi dette er det nok mange som meiner me skal ha fokus på det som skjer i Ukraina, og at heimlege utfordringar kan vike for ei stund. Men no er det no slik at heimlege utfordringar også har påvirkning langt utover vårt eige land.
Mange veit at Ukraina er eit svært grøderikt land der det ligg i svartjordsbeltet som er kjent for sin store kornproduksjon. Eg skal ikkje gå for mykje inn på tal, men det viktigaste her no er at Ukraina er verdas tredje største eksportør av kveite. Russland også er ein stor eksportør av korn, og situasjonen gjer at me ikkje ynskjer å handle med dette landet. Dermed får dette store konsekvensar. Høge energiprisar fører også til høge gjødselprisar, som igjen fører til høgare pris på korn. Når me også veit at Russland kontrollerer store deler av gjødselproduksjonen i verda, vert dette enda meir dramatisk.