No kan du følgje med på om Kolumbus sine bussar er i rute på ein mobil-app. ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN
Innsendaren frå Utbjoa har gjort seg nokre tankar etter ein busstur.

Debatt

Tankar etter ein busstur

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt bidrag til debatt@grannar.no

Det hender at bilen må på verkstad, og det var på den måten eg havna på ein buss ein morgon for nokre veker sidan. Som godt vaksen var det lenge sidan eg hadde nytta meg av bussen i Vindafjord.

Eg bur på Utbjoa og fekk dermed med meg heile turen inn mot Ølen. Bussjåføren køyrde trygt og godt, ungane kom på etter kvart langs vegen. Ganske snart merka eg uroa i bussen. Stemninga var høg, ikkje så merkeleg i seg sjølve. På bussen møtest ein, det er eit frirom på godt og vondt. Dei store er store og må få vera det, men eg tenkte mykje på korleis det må vera om ein er mindre og/eller usikker. Då ville denne bussturen vore ein skummel og utrygg plass. Stemninga var heile tida opp mot kanten og helst litt over.

Skulle eg seia noko? Be dei roa seg ned då dei sjaua? Eg var tilfeldigvis på bussen akkurat denne morgonen. Kan hende det var rolig neste dag, kan hende det var verre. Eg ynskjer ikkje skulda dei større ungane for å ikkje ta meir ansvar. Busssjåføren kan ikkje lastas, han gjorde jobben sin med å køyra bussen. Likevel sit eg igjen med at denne delen av kvardagen til ungar som reiser med buss til og frå skulen kvar dag, kan setta spor hos borna. Langt meir enn ein kan hende forstår når ein sit i møter og skal gjera økonomiske prioriteringar.

Håvard Lothe

Utbjoa

Powered by Labrador CMS