Arne Frøkedal gir seg etter 15 år som redaktør i Grannar.
Foto: Svein-Erik Larsen
Takk for meg!
Snart 15 år har gått sidan eg overtok som redaktør i lokalavisa for Vindafjord og Etne kommune. Det er ein lang periode som øvste redaksjonelle leiar for ei avis, og eit teikn på høg trivsel på jobb og mange interessante oppgåver. Nå er det tid for nye krefter som kanskje ser andre måtar og inngangar til å løysa vårt samfunnsoppdrag og laga ei god og nær lokalavis. At redaktørskiftet skjer samstundes som Grannar fyller 50 år, er litt tilfeldig, men kan også vera eit passande tidspunkt for ein ny epoke. For det blir endringar for den trykte pressa framover ettersom det er meir og meir krevjande å kombinera målet om ei sunn økonomisk drift og laga god journalistikk på både digitale plattformer og i papiravis.
I desse åra som redaktør har eg opplevd at Grannar er eit svært godt merkenamn og har ein sterk plass i våre to kommunar. Grannar-distriktet er blitt eit innarbeidd kallenamn på våre to kommunar. Lokalavisa blir brukt når urettferda rammar, når innbyggjaren vil ha søkelys på ei sak, eller ved viktige hendingar i klubben eller i foreininga. Me greier ikkje alltid å tilfredsstilla alle forventingane, og då er det viktig å ha lesarar som meldarar og som bidrar med bilde og tips. Ei lokalvis skal også underhalda og presentera det kuriøse, men hovudprioritet vil alltid vera nyhendet, det aktuelle, det uføresette og meldingar om trafikk, vegforhold og vêr, og anna som betyr noko for lesarane i kvardagen.
I ei tid utan regionaviser med eit desentralisert apparat, er lokalavisa sin jobb blitt endå viktigare, ikkje minst som del av demokratiet. Ingen andre enn lokalavisa følgjer kommunen, lokalpolitikken og offentlege postlister tettare. Og næringslivet. Ingen andre er tettare på bygdene og kan ta opp viktige saker som gjeld nærmiljøet. For meg har det vore ei ære å ha hatt denne jobben. Den har vore spennande, givande og krevjande. Her er det kjeft å få, men mest ros og gode tilbakemeldingar. Nå er min periode ute og det er tid for å seia takk for meg, og ønskja min etterfølgjar, Torstein Tysvær Nymoen, lukke til med å føra Grannar vidare inn i ei tid der den digitale utviklinga blir stadig viktigare.