Debatt
Storebror, lillebror og bygdetrollet – er me seriøse nå?
Okei, folkens. Kan me ein gong for alle begrave diskusjonen om storebror» og lillebror»? Det er ikkje ein konkurranse om kim som er mest stakkarslig eller kim som har fått ka fra kommunekassen. Bygdatrollet sit allerede på sin imaginære trone og glise mens me krangle om smulane. Hvis me fortsette som detta, kan me lika gjerna dela ut tau og sette opp skilt: Vindafjord – bygda som struper seg selv».
Me har altså øve 200 barn og unge som bruker svømmebassenget til trening og aktiviteter gjennom Ølen Idrettslag på vekebasis. Det er jo ikkje som om svømming er ein livsnødvendig ferdighet eller nåke, me bur tross alt i innlandet… vent, nei, det gjer me jo ikkje! Me bur i eit kystsamfunn med vatn på alle kantar, men kim treng vel å kunna svømma då? Her må me tenka kroner og øre.
Les meir lokal debatt om Vindafjord-budsjettet og anna her: Debatt
Så har me sjølva bassenget. Ny ventilasjon? Ja, den er på plass. Oppvarming koblet til flisfyringsanlegget? Stemmer det og. Alt ligg til rette for at drifto kan bli meir økonomisk, me har tross alt brukt nesten 5 millionar på detta, men nei da, la oss oversjå dei forbedringane, pakka sammen og kalla det ein dag. Det er som å kjøpe ei splitter ny varmepumpe og så flytta ut av huset fordi strømrekningo blei for høg i fjor. Er dette økonomisk planlegging, eller bare dårlig humor? Eller har kommunen flust av penger? Eg har jobba i nordsjøen i 20 år, å eg har vore med møkje fudle sjøfolk å brukt penger, men detta tar kako.
Og så er det rapporten som skal forklara at bassenget må stengast. Den inneholder riktignok ei lista over ting som må fikses, men den nevner ikkje ka det faktisk vil kosta å holda drifto i gang. Det mesta som står der handler om bygningsvedlikehold som uansett må gjeras, basseng eller ei. Så koffer ikkje bruka litt tid på å finne ut ka som er mulig, i stedet for å stenga bassenget i panikk? Me kreve ikkje eit topp moderne basseng, me er fornøyd med nåke som er godt nok.
Hvis svømmebassenget stenges, forsvinner eit viktig tilbud som har verdi langt utover driftskostnadane. Det handler om trygghet, mestring, folkehelse og fellesskap. Det handler om å gi ungane våres ei framtid med muligheter, ikkje eit kommunebudsjett med flere hol enn ei gammal badehette.
Kjære Vindafjord, nå me må ta oss i samen. Detta handle ikkje om Ølen mot resten av kommunen. Det handler om å stå sammen for nåke som gagne oss alle. Svømmebassenget i Ølen er meir enn klor og fliser – det er ein plass for læring, lek og samhold. Hvis me lar det gå, miste me nåke langt viktigare enn nåken kroner på budsjettet. Men me i Ølen Idrettslag har stor tur på at detta får me til, Senterpartiet, Krf og Arbeiderpartiet sa jo alle at bassenget i Ølen levde trygt under dei.
Bjørn Alvseike
Leiar svømmegruppa Ølen IL