Sindre Sandsgård.FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Sindre Sandsgård.

Debatt

Sp og KrF avgjer skulenedlegging

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt bidrag til debatt@grannar.no

— Senterpartiet vil ha tilbod om gode barneskular, barnehagar og SFO i kvar bygd, står det som første punkt i Sp sitt politiske program om Skule og oppvekst» for inneverande valperiode. — Kristeleg Folkeparti vil arbeida for å oppretthalde dagens barnehage- og skulestruktur, står det i KrF sitt program for 2023–2027.

Dette er i grunnen ikkje så oppsiktsvekkjande; det er berre stadfesting av den vedtekne skulebruksplanen, som blei til etter ein omfattande prosess med involvering frå alle som kunne krype og gå. Men likevel er det trygt og godt at to så pålitelege parti har vedteke dette i programma dei gjekk til val på for denne perioden.

Derimot er det oppsiktsvekkjande at kommunedirektøren utan vidare ser bort frå ein gjeldande skulebruksplan, som er eit vedteke overordna styringsdokument for sektoren i kommunen i åra framover. Eg lærte på skulen (rett nok på Bjoa) at administrasjonen skulle retta seg etter politiske styringsdokument, både på kommunalt og nasjonalt plan. Viss dei folkevalde let slikt passera utan vidare, har dei overlate både politikkutforming og gjennomføring til administrasjonen og byråkratiet. Ikkje bra!

Inntil vidare stolar eg 100 prosent på Sp og KrF. Det er parti som ikkje har for vane å føra veljarane sine bak lyset. Er det ikkje slik at KrF baserer politikken sin på det kristne verdigrunnlaget og difor legg stor vekt på dei ti bod? Det står vel noko i det åttande bodet om å halda seg til sanninga? Var ikkje valprogrammet meint alvorleg likevel?

Og var det ikkje justisministeren frå Sp som nyleg gjekk knallhardt ut då Ap gjekk saman med H i ei sak om skulenedlegging i Innlandet fylke? Viss Sp er med på skulenedleggingar her i Vindafjord, vil dei effektivt undergrava partiet sin erklærte kamp for distrikta og kan like godt skifta namn til Sentrumspartiet. Kva er vitsen med KrF og Sp viss dei vil føra typisk Høgre-politikk? Det er jo eit anna parti som er endå flinkare til å føra Høgre-politikk.

Sindre Sandsgård

Bjoa

Powered by Labrador CMS