Bjoa Bygdeutviklingslag deler ut blom til folk som flyttar til Bjoa. Nestleiar Mathias Granberg fortel at dei delte ut 10-12 blomar i fjor og har fleire på lista som skal få i år. Foto: Svein-Erik Larsen
Mathias Granberg i Granberg AS fryktar for framtida til næringslivet på Bjoa om skulen blir lagt ned.

Debatt

Skulenedlegging – eit feilgrep som truar næringslivet på Bjoa

Som ein av arbeidsgjevarane på Bjoa vil eg lyfte fram korleis forslaget om å leggje ned skulen ikkje berre vil ramme borna og bygda, men òg næringslivet. For bedrifter i Vindafjord handlar dette om meir enn skulestruktur – det handlar om å sikre ei berekraftig utvikling i alle delar av kommunen.

Skule og barnehage som grunnlag for næringsutvikling

Ein velfungerande skule og barnehage er ikkje berre tenester for familiar, men eit fundament for eit levande og konkurransedyktig næringsliv. For Granberg AS og andre lokale bedrifter er tilgang på arbeidskraft heilt avgjerande. Om skulen på Bjoa forsvinn, svekkjer det bygda si evne til å tiltrekkje seg nye barnefamiliar, noko som igjen påverkar rekruttering, busetjing og næringsutvikling.

Kven ønskjer å busetje seg i ei bygd der borna må pendle opptil to timar dagleg, og der grunnleggjande oppvekstvilkår manglar? Dette forslaget sender eit signal om at Bjoa ikkje er ein prioritet for kommunen. Slike signal kan føre til redusert vilje til investeringar, både i private heimar og i bedrifter.

Ein urettferdig byrde for næringslivet på Bjoa

Både bedrifter og innbyggjarar på Bjoa bidreg med dei same skattane og avgiftene som i meir sentrale delar av Vindafjord. Likevel ser me at våre behov ikkje blir prioriterte. For næringslivet er dette ikkje berre urettferdig, men òg direkte skadeleg. Rekrutteringsutfordringar og fråflytting frå bygda vil påverke oss alle – ikkje berre bedriftene, men òg dei som er avhengige av at lokalsamfunnet fungerer.

Økonomiske feilslutningar og manglande planlegging

Kommunen sin påstand om innsparingar er basert på optimistiske skysskostnader og undervurdering av transportbehovet. Å flytte borna frå Bjoa til andre skular vil føre til høgare kostnader for kommunen og store praktiske utfordringar for foreldra, som må tilpasse arbeidssituasjonen sin.

Vidare er det urovekkjande at kommunen ikkje har dokumentert korleis desse endringane samsvarar med Grunnlova 104, som sikrar barnets beste som eit grunnleggjande omsyn. Dette reiser spørsmål om lovlegheita i prosessen.

Skulenedlegging som ei presedenssak

Dette handlar ikkje berre om Bjoa. Forslaget set presedens for korleis kommunen kan handtere andre bygder i framtida. Skal Vindafjord gradvis svekkje bygder som Bjoa og prioritere meir sentrale område? Kva konsekvensar vil det få for næringslivet i heile kommunen? Tenkjer ein at det unike næringslivet i Vindafjord berre er tilfeldigheiter? Tvert imot kan ein hevda at noko av det unike med Vindafjord – det desentraliserte, levande næringslivet – ikkje hadde vore mogeleg utan den unike skulestrukturen, med alt den fører med seg av identitet og engasjement.

Oppmoding til politikarane

Eg oppmodar kommunestyret til å setje ein stoppar for dette forslaget. For næringslivet handlar dette ikkje berre om dagens budsjett – det handlar om framtida for arbeidsplassar, busetjing og ei berekraftig utvikling i Vindafjord. Me treng ikkje berre trygge oppvekstvilkår for borna våre, men òg rammevilkår som gjer det mogleg for næringslivet å vekse og utvikle seg.

Mathias Granberg

Granberg AS, Bjoa

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt bidrag til debatt@grannar.no

(Ikkje skriv for langt, maks 850 ord, og legg gjerne med eit bilde av deg sjølv)

Powered by Labrador CMS