Vindafjord kommune kom langt ned på lista i Norsk presseforbund sin openheitsindeks.ARKIVFOTOUrovekkjande smitteauke i Vindafjord den siste tida. Arkivfoto
Vindafjord rådhus.ARKIVFOTO

Debatt

Skular, grender og demokratiet under angrep

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt bidrag til debatt@grannar.no

(Ikkje skriv for langt, maks 850 ord, og legg gjerne med eit bilde av deg sjølv)

Det er nesten blitt ein årviss tradisjon at det kjem framlegg om nedlegging av grendaskular i samband med årsbudsjettet i Vindafjord. Like sikkert har dette ført til sterke reaksjonar i dei grendene som står i fare for å miste skulen sin. Høgre har vore føreseielege i si jakt på skulane i dei minste grendene våre. Innbyggjarane har peika på at skulen i grenda er viktig for småbarnsfamiliar si lyst til å busetje seg i grenda og investere i heim og oppvekst for barna sine her. Dette er like godt dokumentert som at usikre signaler for næringslivet reduserer investeringslyst og aksjeprisar – for å bruke eit språk som høgrefolk skjønar. Denne gongen synes trugsmålet mot skulane i Imsland og Bjoa, og barnehagen i Imsland, å vere meir alvorlege. Framlegget kjem i kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025 – og det kan sjå ut som eit fleirtal av politikarane vil støtte framlegget. Dette trass i at dei fleste partilistene gjekk til val på uendra skulestruktur. Sidan skule og barnehage er så viktige institusjonar for innbyggjarane – langt utover berre å vere ein udervisningsstad – er dette eit området der det blir utarbeida ein eigen plan for korleis me vil drive skulen i kommunen. Gjeldande skulebruksplan er vedtatt i denne kommunestyreperioden etter open og grundig demokratisk handsaming der fleirtalet stemte ned kommunedirektøren sitt framlegg til endringar i skulestruktur. I vedtaket blir den skulestrukturen me har i dag oppretthalden. Men i vedtaket ligg òg verdival som opplagt er i tråd med kommunen sitt viktigaste styringsdokument – kommuneplanen.

Med trua på at vedtekne planar er styrande for kommunen, var sjokket stort på Bjoa då kommunedirektøren gjorde administrativt vedtak om å flytte elevar frå Bjoa skule til Vågen skule frå skulestart i år. Det blei hevda at det var ei midlertidig løysing som ikkje trong å handsamast politisk. Kommunedirektøren si midletidighet vara kunn fram til budsjettframlegget han presenterte nå i haust. At ikkje kommunedirektøren syner større respekt for fleirtalsvedtak i kommunestyret er kritikkverdig. Ordførar er heiltidstilsett ordførar for heile kommunen og skal representere demokratiet i prosessane. Har han påpeika dette? Kan innbyggjarane ha tillit til at han som fremste tillitsvald har sin lojalitet til demokratiske vedtak og innbyggarane? Korleis stiller partia, som har gått til val på uendra skulestruktur og stemt for det i skulebruksplan, seg til at skular i kommunen blir lagt ned i eit vedtak til årsbudsjett? Er partia som var mindretal i vedtatt skulebruksplan lojale mot fleirtalsvedtak i kommunestyret eller vil dei gøyme seg bak kommunedirektøren sitt framlegg utan å reflektere over om det er eit demokratisk problem? Senterpartiet profilerer seg på distriktspolitikk som skal tilrettelegge for å ta heile landet i bruk. Kor stoppar Vindafjord Senterparti sin distriktspolitikk? Er Imsland og Bjoa utanfor denne grensa?

Innbyggjarane i Imsland og Bjoa bidrar som resten av innbyggjarane med jobb, entreprenørskap og skatt – har til og med same skattesats på eigedomsskatten som innbyggjarane sentralt i kommunen. Det blir framført mange vitnemål, òg frå mange småbarnsforeldre, om verdien av å busetje seg i småbygdene. Er dette verdiar for Krf, som profilerer seg på familieverdiar, eller blir kroneverdiane sterkare her? Det som i størst grad rokkar ved respekten for politikarane her er at så inngripande vedtak kan bli gjort i eit budsjettvedtak. Det reiser ein del spørsmål som ikkje er rom for i budsjettdiskusjonen:

  • Kva skal skje med dei nedlagde skulane og barnehagen?
  • Dette er eit budsjettvedtak med føremål spare penger. Skal vedlikehald av bygningar og areal stoppast?
  • Skal bygningane/eigedomane seljast – og kva pris har ein fått i tidlegare sal?
  • Skal t.d. 17.-maifeiringa og barnetoga flyttast til Vikedal/Vågen?
  • Skal bygningar overdragast til grendene som grendehus, som gjer at innbyggjarane i Imsland og Bjoa gjennom skattesetelen skal delta i finansiering av kommunale skular/grendehus i dei andre grendene og samstudes aleine ta ansvar og kostnadane for grendehus i eiga bygd?

Etter sist det var større endringar i skulestrukturen i kommunen var det i ettertid ikkje mulig å få tal frå kommuneadministrasjonen på kor store innsparingar det førte til. Sannsynlegvis langt mindre enn ein hadde håpa på. Det er heller ikkje sannsynleg at skulen på Bjoa og skulen/barnehagen i Imsland vil redde» kommuneøkonomien for mange år framover. Kven blir då neste for hogg»? Vats? Vikebygd? Sandeid? Argumentet for nedlegging av skulane er naturleg nok, sidan det er eit budsjettvedtak, at kommunen manglar penger. Det viser seg at det er lagt fram alternative budsjett der det er penger til vidareføring av skule på Bjoa og skule/barnehage i Imsland – så det er nok heller snakk om prioritering. I tillegg har regjeringa løyvd ekstra penger i år, og lova flerie til neste år, for å hindre nedbygging av kommunale tenester. Me har òg nyleg lese om at kommunen har investert flerire millionar i eit kommersielt selskap på Dommersnes. Risikokapital til privat næringsliv kan umulig vere viktigare kommunal oppgåve enn skuletilbod til barna i kommunen. Kommunen sitt engasjement på Dommersnes har dessutan ført kommunen i ei kraftig konflikt med mange av innbyggjarane i grenda – og det kan utfrå lesing av aviser sjå ut som om kommunestyret er på helane» og etterskot i prosessen. Det same kan fort bli tilfelle dersom prosessen med vindmølleutbygging i Skjold blir driven for raskt fram. Korleis, og av kven, blir denne kommunen styrt? Kanskje på tide at kommunestyret tar ei runde på status for demokratiet i kommunen?

Bjørn Johannessen

Powered by Labrador CMS