Styreleiar i Imsland Bygdekvinnelag, Anita Øvregård, rører i gryta med eit stort smil, og det med god grunn. Deira initiativ til fokus på inkludering og integrering over eit godt måltid vart ein suksess i helga. Foto: Sirianne Vikestad
Anita Øvregård.

Tankar ved årsskiftet

Sjølvforsynt inn i framtida»

Nå nærmar det seg skikkelig eit nytt år. Desemberdagane har ein tendens til å gå ekstra fort. Klart me må ha flatbrød til jul. Både til kundar i Reko-ringen, samt dei lokale butikkane og ikkje minst det siste nye: Lokalmat Ryfylke butikken som eg plutselig er med på.

Året som har gått: Det er jo korona det, men det orkar eg ikkje å snakke så mykje om. Sant skal vere sagt, så var det betre før. Eg bur i Imsland og driv garden ilag med maen. Han e drenjen, seier han. Me har mjølkeproduksjon/Inn på tunet/bakeri og gamle låven», så det er forskjellig på agendaen. Her har det budd folk sidan 1800-talet. For hundre år sidan var det kurasen telemarksfe dei hadde her, og slik var det sikkert på dei fleste gardane rundt om.

Det får meg til å tenkje på den framtidige drifta her. Me har eit fjøs frå 1975 som sårt treng litt kjærleik. Så dukka det opp, kva gjer me? Fleire bønder rundt om i bygdene har bygd flotte fjøs for både folk og fe, og det er kjempebra og heilt nødvendig for framtida til landbruket. Så har du meg då som er skrudd saman kanskje litt annleis. Eg tenker fortid. Eg veit eg sikkert er født 100 år for seint, men korleis løyse dette best mulig i 2021? Jo! Halvfjoringsle». Me må starte slik dei byrja, for livet er jo ein sirkel. Så derfor har me nå starta veldig forsiktig, med målretta mot slik dei dreiv på Øvregård før. Telemarkskua er lita og nett og gir lite marktrykk på elles så klimautsette bøar og beite. Ho er spesiell med mykje personligdom. Enten likar du det eller så vil du klikka av det. Eg elskar det.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS